mandag, mars 06, 2006

Den første veka

No har vi budd her i ei veke, og vi er på ingen måte ferdig med innflyttinga. Det er esker overalt, nesten, men etter 5 dagars leiting fann vi bestikket noko som falt saman med at vi også fekk kokeplater som virka, slik at middagane vart mykje betre etter dette.

Vi diskuterer med HTH på ein dagleg basis, og til slutt kjem vi nok i mål, men det tar si tid….

Eg har lært at sofaer ser mindre ut i butikken ann kva dei gjer i ei stove, så Bolia får ein sofa tilbake, det er ikkje plass..

Eg skal få badekar til bursdagen, og Bent fekk gigantTV (42”) til sin.

Vi har fått postkasse, men ikkje Boss (Søppelspann til dokker Østlendingar)

Og vi vaknar opp til stadig nedfall av snø, sjølv om himmelen ser blå ut….